Hei folkens. Dette er ein blogg som har vorte oppretta i forbindelse med studiet Digital Kompetanse for Læring, teke på Høgskulen i Volda. Som eit ledd i innføringa skal eg skrive eit innlegg der eg presenterer ein av mine medstudentar. Dette kan bli interessant;)
Eg hadde eit kort intervju med Vigdis Reite. Eg trur vi var like spente og nervøse begge to då vi skulle prate med kvarandre for fyrste gong. Vi snakka mest om utdanning og kvifor vi tek dette studiet no.
Vigdis er ei blid dame, som eg kom lett i prat med. Ho fortalde at ho hadde grunnutdanning i vernepleie og hovedfag i sykepleievitenskap. Ho har forelest på fleire høgskular, blant anna i Bergen og i Volda. No jobbar ho som rådgjevar i PPT, det har ho gjort i ti år. I jobben sin ser ho at det er mangel på Digital Kompetanse i mange skular. Dersom ho skal kunne hjelpe skulane i forhold til dette, treng ho fyrst å auke si eiga kompetanse innan dette feltet.
Det var ikkje allverden med informasjon, men iallefall ein start:)
Helsing Cecilie:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar