Prosjekt BLOGG

Denne bloggen er eit prosjekt i tilknyting til DKL-studie i Volda. Det er fyrste gong eg prøver meg på blogging, så dette blir nok lærerikt og spanande. Det blir nok ikkje daglige innlegg akkurat, men kanskje eg blir hekta....kven veit? Følg gjerne med på utviklinga...hehehe;)
Helsing Cecilie:D

søndag 24. oktober 2010

Digital plattform

Gjennom arbeidet med mappa i digital plattform har eg lært mykje nytt teknisk. Både at det finnast eit gratisprogram som alle kan nytte, vite kar ein finn det og korleis det fungerer er interessant kunnskap. Å ha ein arena der elevane kan samarbeide utan å treffast fysisk kan vere praktisk på mange måtar. Også det å kunne jobbe med eit felles dokument og kunne kommentere det i ein chat samtidig er også nyttig.

Ein kan bruke ein slik felles digital arena i dei fleste fag. I samarbeidsprosjekt kan elevane samarbeide om ein felles tekst. Ein kan også nytte ein slik arena i prossess-skriving der elevane skal kommentere kvarandre sine tekstar. Berre for å nevne noko.

Det er også interessant å lese om korleis ein kan bruke slike arenaer i forhold til vurdering. Læraren kan gå inn og kommentere direkte der han har tilgong. Ein kan følge prosessen og utviklinga frå start til slutt. Elevane kan også bruke det dei lagrar som ein portfolio som dei kan ta med seg vidare opp i trinna.

Veldig interessant tema, litt er lært, mykje gjenstår....